Du, som aromantisk, skal ikkje kjenne deg øydelagt

Leiar i Skeiv Ungdom, Jane-Victorius Bonsaksen.
Leiar i Skeiv Ungdom, Jane-Victorius Bonsaksen. Foto: Andrea Nøttveit / Framtida
Artikkelen fortsetter under annonsen

Me som samfunn må skape rom for mangfald, også for dei som ikkje ønskjer seg romantikk, eller eit forhold.

Stemmer: Jane-Victorius Bonsaksen
Leder i Skeiv Ungdom

Delta i debatten

Send oss gjerne forslag til kronikker vi kan publisere.
Formen bør være kronikk/kommentar/blogginnlegg med maks 1000 ord.

E-post: stemmer@abcnyheter.no

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det er så mykje romantikk ute i media. Uansett om det er i vekebladet, avisa, på sosiale medium eller i den filmen du liksom gleda deg til å sjå. Ofte er det også ei heteronormativ framsyning:

Han møter ho, dei blir saman. Og i oppfølgjaren blir dei gift, eller får born.

Du veks opp, og blir spurt om kven du likar. Dei i klassa spekulerer i kven som har eit crush på kven. Kva kjendisar du likar-likar. Du analyserer kven som er det mest taktiske valet, og plukkar ein du ikkje eigentleg har tenkt på, i alle fall ikkje på den måten. Dette tilværet held fram, opp gjennom vidaregåande. Du prøver å passe inn, prøver å bli saman med nokon fordi dei er interessert i deg. Eller kanskje du ignorerer heile forholdsgreia, og gjev orsakingar om at du er for opptatt med skule, eller den deltidsjobben, eller at ingen heilt passar dine standardar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Du veit at det dei andre kjenner på er noko du òg bør erfare.

Men inni kjenner du deg litt øydelagt. Fordi du veit at det dei andre kjenner på er noko du òg bør erfare. Så kvifor gjer du ikkje det? Eller kanskje du genuint ikkje bryr deg så mykje om det, det finst viktigare ting i verda enn romantikk.

Som ein aromantisk person, brydde eg meg særs lite om kjærasteprat, heilt til eg brydde meg veldig mykje.

Eg kjente meg øydelagt, som om eg mangla noko eg liksom skulle ha. Eg var ikkje interessert i andre menneske på ein romantisk måte, men det er så mykje fokus på å få seg kjærast. Så skal ein liksom gifte seg og starte ein familie – det tosemda livet dei fleste av oss har vakse opp til å forvente at blir vår eiga framtid. Sjølv internt i det skeive miljøet finst liknande forventningar, sjølv om dei ofte er romslegare, og ein har meir tid til å finne ein eller fleire partnarar, og ei familieform som ikkje nødvendigvis er kjernefamilien.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Men eg kjente ikkje på den kjensla, det behovet å ha eit romantisk forhold. Eg vart litt bitter, fordi samfunnet har ei forventning til det, at alle har ein betre halvdel. Sjølv om fleire og fleire vel bort dette, er det ei forventning i botn. Og å vere aromantisk, er å vere einsam – fordi det er så få som identifiserer seg som det. Å finne kvarandre, og skape eit nettverk, er vanskeleg.

Me fell imellom, og blir på utsida av både skeivt og streit samfunn.

Sjølv om eg var heldig, og fann andre som også er aromantiske, er dette ein krevjande røyndom for fleire av oss. Det skal vere like fint å leve aleine, som det er å leve i ein familie, eller eit par. Du, som aromantisk, skal ikkje kjenne deg øydelagt fordi du ikkje kjenner på romantiske kjensler. Og me som samfunn må skape rom for mangfald, også for dei som ikkje ønskjer seg romantikk, eller eit forhold.

Artikkelen fortsetter under annonsen

( Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den).

(Dette innlegget ble først publisert på Framtida.no).