Me må slutta å sjå på rusproblematikk som ei kriminell handling

«Me må sørgja for at menneske i samfunnet som slit med rus får tilstrekkeleg hjelp og tiltak som faktisk fungerer», skriv Magnus Wolden (15).
«Me må sørgja for at menneske i samfunnet som slit med rus får tilstrekkeleg hjelp og tiltak som faktisk fungerer», skriv Magnus Wolden (15). Foto: Privat

Eg trur ikkje løysinga er å setja desse menneska bak lås og slå, men heller sørgja for at dei har eit tilbod som hjelper dei ut av avhengnad ved å avkriminalisera cannabis.

Stemmer
Magnus Wolden
Styremedlem i Trondheim Unge Høgre
1
0

Lag en Folkets stemmer-profil

Reager på innleggene
Svar på andres innlegg
Start en ny debatt

(Dette meiningsinnlegget var først publisert på Framtida.no).

«Kokain må forbys nå», seier Senterpartiets Sandra Borch.

Kokain er forbode og sånn skal det vera. Berre fordi nokon bruker kokain og slit med rusproblem, betyr ikkje det at samfunnet har eit «kokain-problem»!

Se video: Sandra Borch sier kokain må forbys

Nesten tusen overdosar

Etter Støre-regjeringa tok over norsk ruspolitikk i 2021 har me mista nesten tusen offer av overdosar, nesten tusen menneske som trong hjelp, støtte og ein politikk som hjelpte dei ut av dei problema dei står ovanfor.

Me må slutta å sjå på rusproblematikk som ei kriminell handling. Me må sørgja for at menneske i samfunnet som slit med rus får tilstrekkeleg hjelp og tiltak som faktisk fungerer.

Senterpartiet sjølv stemde ned rusreforma som skulle hjelpa menneske ut av avhengnad. Ei reform som la realiteten til grunn. For ja, mange slit med rus, men eg trur ikkje løysinga på desse problema er å setja desse menneska bak lås og slå, men heller sørgja for at dei har eit tilbod som hjelper dei ut av avhengnad ved å avkriminalisera cannabis. Mange som byrjar med tunge rusmiddel startar gjerne med lettare stoff, som cannabis. Om me hadde fanga opp menneske allereie der, kunne me førebygd bruken av til dømes kokain og heroin.

Drep, i staden for å hjelpa

Desse menneska treng ikkje straff, dei treng hjelp.

Eg trur ikkje at menneske blir mindre avhengig av å straffast for problema sine, og bli stempla som meir «kriminelle».

Eg trur menneske treng tilbod som hjelper dei ut av rusen. Derfor er det synd at Senterpartiet driv ein rigid ruspolitikk som drep i staden for å hjelpa.

Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den.