Nynorsk og bokmål må inn i Grunnlova

Nynorsk og bokmål er ikkje grunnlovsfesta som hovudspråk i Norge. Her fra Bergen.
Nynorsk og bokmål er ikkje grunnlovsfesta som hovudspråk i Norge. Her fra Bergen. Foto: May_Lana / Shutterstock / NTB

Det er på høg tid å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk i Noreg og grunnlovfesta jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Stemmer
Peder Lofnes Hauge
Leiar i Noregs Mållag

Lag en Folkets stemmer-profil

Reager på innleggene
Svar på andres innlegg
Start en ny debatt

Den formelle likestillinga mellom bokmål og nynorsk må sikrast ein sterkare og tydelegare rettsleg status. Noregs Mållag ynskjer at norsk, både bokmål og nynorsk, skal grunnlovfestast som nasjonalt hovudspråk. Det vil vera viktig særleg for nynorsk, som det minste av dei to norske skriftspråka.

I dag er det berre samisk språk som har eit vedteke grunnlovsvern (paragraf 108). I paragraf 114 er norsk språk indirekte grunnlovfesta gjennom kravet om å måtta tala «språket i landet» for å bli utnemnd til embete i staten. I lov om språk (språklova) blir det slege fast at norsk er det nasjonale hovudspråket i Noreg. Det bør også stå i Grunnlova.

Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene, enn at dei ikkje gjer det.

I ei globalisert verd treng norsk språk eit sterkare vern enn tidlegare. Det er mange land som ser dette. Ifølgje databasen Constitute finst det 148 land i verda med grunnlover som inneheld føresegner om nasjonalspråk. 97 land har grunnlover med føresegner som på ulike vis vernar språkbruk. Det er i dag meir vanleg at statar omtalar språk i grunnlovene, enn at dei ikkje gjer det.

Dei siste åra har Stortinget gjort mykje for å oppdatera Grunnlova, med mellom anna ei rekkje menneskerettslege føresegner. Ei grunnlovfesting av statusen til det norske språket, medrekna jamstillinga mellom nynorsk og bokmål, vil vera ei modernisering av Grunnlova. I 2024 kan vi feira jubileum for to viktige nynorskvedtak i nyare tid. For 50 år sidan, i 1974, vedtok Stortinget at lærebøker til bruk i skulen skulle koma til same tid og same pris. Dette vedtaket var avgjerande viktig for å sikra elevar retten til likeverdig opplæring i alle fag på nynorsk. For 10 år sidan, i 2014, vedtok Stortinget at Grunnlova skulle finnast i to jamstilte versjonar, ein på nynorsk og ein på bokmål. At det mest grunnleggjande dokumentet for staten Noreg då kom på nynorsk, var ein viktig symbolsk siger for nynorsken.

Det vil vera ei fin markering av desse jubilea at det i denne stortingsperioden kjem eit framlegg om å grunnlovfesta norsk som nasjonalt hovudspråk, med jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. Då kan det neste Stortinget for fyrste gong røysta ein slik paragraf inn i Grunnlova.

(Stemmer er ABC Nyheters debattseksjon. Her skriver faste og sporadiske bidragsytere om nyhetsaktuelle temaer. Vi har også et samarbeid med den politiske nettavisen Altinget.no . Brenner du inne med en mening eller analyse, kan du sende teksten til stemmer@abcnyheter.no, så vil vi vurdere den).