
Høgre-topp: – Finn fram tusjen i staden for å bli krenkt

Unge Høgre-leiaren trur det kan bli ein morosam familieaktivitet å teikna siktemerke på ulven.
Ein ulv på H-mjølka har skapt sinne blant mange. No går Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise ut, og ber dei som kjenner seg krenkte om å tenkja seg om:
– Det må vera veldig slitsamt å gå rundt og bli krenkt av alt heile tida. Anten det er Torbjørn Røe Isaksen sitt litt upassande namn på eit quizlag , sosionomar og SVarar som blir støtt av omgrepet «sosionomisere», Siv Jensens indianarkostyme på haustfest eller sist ute i rekka av ting me skal bli støtt av: ulven på Tines julekartong med H-mjølk.
– Morosam familieaktivitet
På den opne profilen sin på Facebook oppmodar han folk til å finna fram tusjen og la seg inspirera av bilda han har lagt ut med tydelege siktemerke på ulven på mjølkekartongen.
– Og vips har du forandra eit irriterande skadedyr til ein morosam aktivitet for heile familien, skriv Tonning Riise, og legg til at ulven ikkje er favorittdyret hans.
ARE KALVØ: – Ulven gjer livet mykje betre for oss
Ikkje første gong
Det er ikkje første gong Kristian Tonning Riise går ut mot krenking. For to år sidan kritiserte han regjeringa for å ha lagt seg flate for kritikken dei fekk etter å ha lagt ut eit bilde av kampfly i pepparkakedeig.
Den gongen inviterte han til juleverkstad for å laga pepperkakelandsbyen Raqqa og kampflypepparkaker der det står «Greetings from France» i melis.
– Eg er generelt av den oppfatning at ein ikkje bør la seg krenka for lett, seier Tonning Riise til Framtida.no.
– Det er ikkje første gong du oppmodar til familieaktivitetar med noko som har med våpen å gjera. Er dette vanleg i familien Tonning Riise?
– Hehe. Viss ein bur litt landleg til, så vil eg føreslå at ein linar opp mjølkekartongane og prøver å skyta på dei med luftgevær, svarar Kristian Tonning Riise.
LES OGSÅ: Éin einaste ulv drap 225
Sjå innlegget til Unge Høgre-leiaren under:
