
Fjelltur:Slik går du Tour Mont Blanc

Drøymer du om alpeferie neste sommar? På tur rundt Vest-Europas høgaste fjell får du sjå murmeldyr, grøne dalar og majestetiske fjellparti.
Pakkeliste:
- Tursekk
- Flasker eller vatnsekk som rommar 3 liter
- Eventuelt gåstavar
- Lette og robuste fjellsko
- Lett turbukse, gjerne med avtagbare bein
- Shorts
- T-skjorte
- Ekstra sett ullundertøy
- Varm ullgenser, fleece eller dunjakke
- Vind og vatntett bukse og jakke
- Lue, vottar og hals
- Ullsokkar
- Guidebok
- Kartmappe
- Kart
- Kompass
- Førstehjelpssaker
- Gnagsårplaster
- Solbriller
- Solkrem
- Hovudlykt
- Lakenpose om du skal overnatte inne, eventuelt telt, liggjeunderlag og varm sovepose
Sekken bør ikkje vege meir enn 10-12 kilo om du ikkje skal telte
MONT BLANC (ABC Nyheter): Sjølv om du i løpet av Tour du Mont Blanc ikkje klatrar til topps er dette ei rute som fleire gonger tek deg over Galdhøpiggen sine 2469 moh.
Ruta tek deg gjennom frodige dalar og høge fjellpassasjar rundt Mont Blanc, som med sine 4807 meter over havet er Vest-Europas høgastefjell.
I høgsesongen, som varar frå slutten av juni til september, er mykje fullbooka. Det kan difor vere lurt å planleggje overnatting eit halvt år i førevegen. Nokre nyttar seg av reiseselskap, men har du tid til å gjere eigen research i forkant kan du spare mykje på å booke sjølv.
Sesong og varigheit
I tillegg til snødekte toppar og isbrear vil du undervegs sjå masser av grøne åsar og dalar, ein frodig flora og heilt sikkert fleire alpemurmeldyr.
Frå slutten av juni er løypa stort sett snøfri og sesongen kan vara til ut i september, litt avhengig av vêret.
I slutten av august spring rundt 8000 av verdas sprekaste idrettsfolk det årlege ultraløpet, noko som betyr at vanlege vandrarar kanskje ikkje bør velje akkurat denne tida for sin vandretur.
Vinnaren av løpet spring stort sett runden på rundt 21 timar, noko dei færraste av oss kan hamla opp med.
For dei fleste vil turen ta mellom ni og tolv dagar, noko som betyr at turen passar fint inn i ein tovekersferie. Då kan du òg ta ein ekstra kviledag om kroppen, humøret eller vêret krev det.
Les også: Stadig flere nordmenn camper
(Saken fortsetter under)
Startpunkt: Les Houches
Den klassiske turen rundt Mont Blanc startar på 1007 moh. i den franske småbyen Les Houches nær Chamonix. Derifrå går du mot klokka inn i Italia, Sveits og attende til Frankrike.
Næraste flyplass er Genève i Sveits, som har bussforbindelse til Les Houches.
I tillegg til lokale franskmenn, italienarar og sveitsarar, kan du undervegs møte fjellfolk frå både Noreg, USA, Canada, Japan, Nederland og Estland.
170 kilometer
Dei fleste tek etappar på mellom 13 og 20 kilometer dagleg. Desse etappane tek deg gjerne opp 1500 høgdemeter til fjellparti høgare enn Galdhøpiggen og ned igjen på rundt 1000 moh.
Heile turen er på rundt 170 kilometer, litt avhengig av om du vel dei lengste eller kortaste alternativa undervegs. Desse finn du i ein av dei mange guidebøkene, som skildrar turen i detalj.
Er du i grei fysisk form skulle turen gå fint, sjølv for ein 70-åring. Det er òg mange som går halve eller delar av turen. Nokre etappar eignar seg òg for terrengsykkel.
Les også: Turistforeningen: – Turer i fjellet har blitt like viktig som badeferien
(Saken fortsetter under)
TMB-merking
Ruta er godt merka og består av gode stiar, skogsvegar og korte parti på asfalt.
Markeringa varierer noko frå land til land, men skilta er ofte markert med forkortinga TMB (Tour du Mont Blanc) i tillegg til namnet på dei ulike fjellpassa og alpelandsbyane, som ruta går innom.
Avstandane er i tillegg markert i timar og minutt på skilta.
Overnatting
Dei fleste overnattar på hytter, herberg eller hotell undervegs. For rundt 60 Euro natta får du middag, overnatting og frokost på det franskmennene kallar refuge og italienarane refugio. Desse hyttene kan samanliknast DNT sine turisthytter, men må ofte bookast god tid i førevegen.
Prisane vil variere noko frå stad til stad.
Hugs at mange herberge ikkje tek kort, så det er viktig å ta ut kontantar til mat og overnatting undervegs.
Les også: Syv vakre vandreturer i Irland
(Saken fortsetter under)
Camping
Om du orkar å bere litt tyngre er det ikkje noko i vegen for å telte. Her er det verdt å merke seg at Sveits er strenge når det kjem til telting utanfor offisielle campingplassar, til gjengjeld har dei lett tilgang på campingplassar med gode fasilitetar.
I Italia kan ein telte gratis over 2500 moh, men for dei fleste vil det bety kald og ugunstig overnatting.
Frankrike er det lettaste landet å telte i. Her kan ein stort sett telte kvar ein vil utanom arbeidstida, så lenge det ikkje er nasjonalpark, der skilting viser at telting er strengt forbode.
Mat og drikke
Turen går innom fleire koselege alpebyar og små stader med både matservering og daglegvarebutikk, noko som betyr at du ikkje treng å bere mat for mange dagar.
Stort sett kan du kjøpe varmmat, kaffi og kaker på hytter eller andre serveringsstader. Lunsj og energi til lange vandredagar må planleggjast ut ifrå når ein kjem ned til daglegvarebutikkane.
På grunn av dyr er det ikkje anbefalt å drikke vatn i låglandet. Dette byr ikkje på særlege problem undervegs då det er rikeleg med drikkestasjonar og fleire toalett langs ruta.
Les også:
Ferien skal være nær og spektakulær
Farger, fjell, ris og te i Vietnams grensefjell mot Kina
Skal vandre Norge på kryss og tvers gjennom et helt år
Undersøkelse: Friluftsliv og natur gir den beste sommerferien